Riksteatret: Tante Ulrikkes vei

Om arrangementet

Suksessboka blir teater med Det Norske Teatret og skal på turné med Riksteatret! Det er Noreg på 2000-talet. To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldra hadde eit håp. Sjølv står dei midt i brytinga mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterar og keef. Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone. Med Tante Ulrikkes vei har det lokale blitt globalt. Ei historie frå ein drabantby i Oslo har blitt til ei historie som angår oss alle, uansett kor i landet vi bur. Riksteatret er glade for at vi får lov til å bringe Det Norske Teatrets sceneversjon ut på turné til heile landet. Produsert av Riksteatret Arrangør: Blå Grotte i samarbeid med Riksteatret Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause). Omarbeidd for scenen av Carl Morten Amundsen og Victoria Meirik.